Konfirmantopplæring haust 2023:
Oppmøte ved kyrkjelydskontoret, Storøyni 6 i Ulvik
ma 25. sep. 2023 | Første samling kyrkjelydskontor |
ma 16. okt. 2023 | Tur til Solhaug, dagturshytta |
ma 13. nov. 2023 | Samling hjå Valborg |
la-sø 25-26. nov. 2023 | Hyttetur til Bergo |
sø. 26. nov. 2023 | Lysmesse i kyrkja |
ma. 11. des. 2023 | Juleavslutning |
Program for våren vil bli delt ut før jul. Merk deg likevel fylgjande datoar: | |
05. feb. 2024 | Samling kyrkjelydskontor |
24-27 feb. 2024 | Konfirmantleir på Frammes |
4. mars 2024 | Samling kyrkjelydskontor |
18. mars 2024 | Fasteaksjon kyrkjelydskontor |
15. april 2024 | Samling kyrkjelydskontor |
3. mai 2024 | Samtalegudsteneste og konfirmanfest |
12. mai 2024 | Konfirmasjonsgudsteneste |
Pris | 2500 kroner som vil gå til dekking av mat, utstyr og konfirmantleir. Faktura vil bli sendt ut. |
Gudstenester | Me forventar at du møter på minst åtte gudstenester i laupet av konfirmanttida. Det vil bli registrert når du er til stades. Ein gong pr semester vil du bli utfordra til å bidra under gudstenesta. |
Konfirmantsamlingane er obligatoriske. Dersom du likevel ikkje har høve til å møte, ber me om melding frå foreldra dine i forkant. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko me bør vite om. Me gler oss skikkeleg til å bli betre kjent med deg! |